- Det er eit signal om at franske myndigheiter forstår alvoret av situasjonen og kor slitsomt det er å stije på ein flyplass så lenge, sa diakon i Ulstein, Ranveig Kaldhol til NRK Møre og Romsdal tidlegare i dag, måndag.

Ho sa også til NRK at ho hadde samtala med familien, som sa dei satt i ein taxi på veg til hotellet i Paris.

- Dei får ikkje etablert seg og starte livet på nytt så lenge dei bur på små hotellrom, men dette er absolutt eit storst framsteg for familien, seier Kaldhol.

Overlevde på yoghurt og muffins

Familien blei uttransportert frå Ulsteinvik og Noreg torsdag 13. mars, og sidan har Simreth og hennar åtte born vore nøydde til å overnatte på stolar og benkar inne på ein av dei største flyplassane i Europa. Der har Simreth og borna livnært seg på yoghurt og muffins. Minstemann, ein gut på fire månader, får morsmjølk frå mora.

– Simreth hadde 700 kroner i lomma då dei kom til flyplassen. Korleis kan ein fø sju born og eit spedbarn med så lite, spurde diakon Ranveig Kaldhol, då Vikebladet Vesposten møtte ho tidlegare denne månaden. Familien hadde på dette tidspunktet overnatta totalt fem døgn på hotell.