Samojed-kvalpen Bonnie, som forsvann frå eigaren sin i Hjørungavåg i 12-tida fredag - og vart etterlyst på vikebladet.no - er komen til rette, fortel eigaren Camilla Ringstad.

Eigaren fortel at den fire månader gamle kvalpen vart funnen natt til laurdag klokka 04.30. Bonnie hadde med andre ord vore på avvegar i 16 og ein halv time. Det var eigaren sjølv som fann kjæledyret. Ho fortel at gjensynsgleda var stor og gjensidig.

Hunden var i god form, og eigaren vil takke alle som hjelpte henne med å leite.