Nasjonaldagen har vore prega av fleire bilete av tog og aktivitetar på fastlandet. Men det er ikkje berre der 17. mai blir markert i stor stil.

70 mil aust for Shetland

Denne 17.mai-helsinga kjem frå mannskapet på Bourbon Orca, som på den store dagen er 70 mil aust for Shetland. Dei fekk servert god mat frå byssa, og gjekk tog på dekk med flagg og det heile. Mannskapet helsar heim.  Foto er innsendt av Marius Remøy.

Reker og norske flagg

– HIPP HIPP HURRA, ropar mannskapet om bord på reketrålaren «Remøy» til folket heime på fastlandet. På den store dagen ligg dei ute i det ope Barentshavet å jaktar på reker. Bilete er oversendt av Henning Flusund.

Feira på Norne-feltet

Tilsette i om bord i AHTS-fartøyet Havila Mars har sendt redaksjonen bilete av 17. mai-feiringa. For deira sin del vart 17. mai feira på Norne-feltet, 110 nautiske mil vest for Sandnessjøen, under ankerhandtering av boreriggen Transocean Spitsbergen. Mannskapet sender ei jublande helsing til fastlandet.

Mannskapet om bord i Bourbon Orca slår fast med dette biletet at det går heilt fint å gå tog på båtar også. Foto: Marius Remøy
- Hipp Hipp Hurra, kjem det frå mannskapet om bord i reketrålaren Remøy. Foto: Henning Flusund