Natt til i dag torsdag har det kome ein del snø. Denne er truga av meldingane frå meteorologane ved Yr.no, som melder at Hareidlandet dei komande dagane vil få ein del regn og stigande temperaturar.

Torsdag er det venta snøbyger med nebør mellom 1,8 - 2,4 mm. Det bles opp til liten kuling frå nordvest med ei styrke på 12-14 m/s. Temperaturen ligg på to minusgrader.

Fredag er temperaturen stort sett uendra. Nedbørsmengda er redusert til snaue 0,5 mm. Vinden stilnar til 8 m/s, og skiftar retning til søraustleg laber bris.

Stigande temperaturar

Men det er ikkje før på laurdag vêret slår seg heilt om. Det er venta moderate nebørsmengder med regn mellom 0,6 - 7,1 mm. Frå morgonen av ligg temperaturen på to plussgrader, medan den midt på dag er venta å auke til sju grader. Vi kan også vente oss ei veksling mellom frisk bris og stiv kuling, med ei vindstyrke på 13-15 m/s frå søraust.

Sundagen held fram med regn. Dagen før dagen får vi tre plussgrader, og laber bris frå aust.

Måndag - sjølvaste nyttårsaftan trugar også med regn og plussgrader. Det vert kaldt gjennom heile dagen med berre ei plussgrad og sludd. For dei som skyt opp fyrverkeri, vert forholda gode sidan meteorologane melder om laber bris. Dei som ynskjer seg snø, må vente ein time inn i det nye året.