I løpet av dei siste sju åra har Ulstein kommune opplevd ein kraftig nedgang i kvinneandel for personar mellom 20 og 39 år.

Andelen har gått ned frå 100 kvinner per 100 menn, til dagens nivå som ligg på 80 kvinner per 100 menn i aldersgruppa.

Sande kommune er einaste kommunen i Møre og Romsdal som har færre kvinner i høve menn i aldersgruppa, skriv Ulstein kommune på sine heimesider.

Tala er henta frå kommunestatistikken for 2013, og andre tal som er verdt å merke seg for UIstein kommune er ein sterk folkevekst, og relativt høgt utdanningsnivå.

Hareid kommune har i overkant av 90 kvinner per 100 menn i alderen 20-39 år.