Folkehelsekoordinator Kine Andersen ynskjer velkomen til ruspolitisk arbeidsseminar på Sjøborg 30. mai. Seminaret er eit samarbeid mellom folkehelsekoordinatoren og Kompetansesenter Rus-Midt-Norge.

Under seminaret får deltakarane sjå nærare på arbeidet med rusmiddelpolitisk handlingsplan, og korleis dei ulike tenestene kan samarbeide om å løyse oppgåvene i planen representerer.

Ulstein kommune ønskjer at alle som driv med arbeid innan rusfeltet og førebygging i kommunen blir betre kjent med kvarandre og kva dei ulike etatane driv med.

– Vi ønskjer å bli tydelegare på kva mål vi har, og kven som gjer kva. Det er også eit mål med seminaret å få ei felles forståing av russituasjonen i kommunen. Gjennom seminaret kan vi også få viktige innspel i det vidare arbeidet med ruspolitisk handlingsplan, opplyser kommunen i ei melding på sine nettsider.

Målgruppa for seminaret er brei. Difor ønskjer kommunen påmelding frå fleire ulike hald.

Deltakarar kan vere frå helsetenesta, NAV, barneverntenesta, skule, bevillingsmyndigheita, legar, politikarar, pårørande, brukarar, næringsliv og frivillige organisasjonar.