Har du planar om å gifte deg borgarleg og samstundes er gjerrig av natur, bør du gjennomføre giftarmålet før 1. juli. Etter denne datoen vert det innført eit rettsgebyr på vigslar på 860 kroner. Giftarmålet må dessutan gjennomførast i tingretten sine opningstider. Domsstolar som tilbyr vigslar utanfor opningtida tek eit geybyr på 2580 kroner.

Soreskrivar Elisabeth Wiik ved Sorenskrivarkontoret i Volda fortel til avisa Møre at sorenskrivarkontoret sine økonomiske rammer ikkje lenger tillet at dei gjennomfører vigslar på laurdagar.

- Vi prøver likevel  å strekke oss så langt vi kan for å innfri brureparet sin ynskje om ramma rundt viglsa, seier Wiik til avisa.

Regjeringa har foreslått å innføre gebyr på fleire av tenestene som vert utført av domsstolane og politiet.

- Det er rimeleg at staten sine kostnader for serviceprega tenester vert betalte av publikum som nyttar seg av den aktuelle tenesta, seier justis- og beredsskapsminister Grete Faremo i følgje Møre.