Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt filmskaparen Are Pilskog 100.000 kroner i kunstnarstipend. Pilskog er fødd og oppvaksen i Hjørungavåg, og er no busett på Leikong der han saman med broren Sturla Pilskog har etablert filmstudioet Blåst Film.
For berre nokre veker sidan fekk Are Pilskog to utmerkingar under filmfestivalen i Bergen. Han har blant anna laga dokumentarfilmen "Havets sølv" som silda, ein film som vart synt på NRK TV. No er han i gang med ein dokumentar om paddene i Austefjorden, som også skal synast på NRK