Dermed har sjansen opna seg for andre som brenn for Kongens Ring og spelet si vidare utvikling.
Verdas vakraste vikingmusikal er blant omtalane spelet Kongens Ring har fått. Etter over 20 år har spelet opparbeida seg eit fantastisk renommé, og skodespelarane er ikkje vonde å be om å stille opp for dette eventyret ytst ute i havgapet på Sunnmøre.
– Å vere dagleg leiar i Herøyspelet er spanande, lærerikt og veldig kjekt. Ein får jobbe med positive, engasjerte og flotte menneske som alle har eit stort hjarte for Herøyspelet, fortel Linn Therese Sævik. Ho meiner ho har hatt draumejobben det siste året, og fortel entusiastisk om det å få vere ein del av dette fantastiske spelet.
– Samspelet mellom frivillige, profesjonelle og amatørar er magisk, og det er eit privilegium å jobbe med fri vilje.
Ho meiner også Herøyspelet er heldig som har det lokale næringslivet med på laget, og at så mange vel å bruke tida si på spelet. Utfordringane slik ho ser det er å få økonomien i balanse kvart år, og koordinere dei ulike aktivitetane til ei kvar tid. – Det har til tider vore hektisk, men absolutt verdt det! Ho fortel vidare at styret har gått inn i eit samarbeid med Verto AS for å finne den rette leiaren for spelet.