Sidan januar har Norsk Industri og Siemens jakta på verksemder som over tid har vist styrka produktivitet og konkurransekraft gjennom innovasjon og smart teknologi.
Totalt deltok 58 bedrifter i konkurransen. No har ein fagjury vald ut tre finalistar som alle får delta på Industrikonferansen den 5. mai. Statsminister Erna Solberg kjem på konferansen og deler prisen til vinnarbedrifta.
- I år har me rekorddeltaking med 58 påmelde bedrifter. Felles for finalistane er at dei gjennom høg grad av innovasjon og smart teknologibruk heile tida strekkjer seg lenger. Her er det mykje å lære, seier Håkon Rem, divisjonsdirektør i Siemens.
Produktivitet står høgt på den politiske dagsorden, og nyleg utgav den regjeringsoppnemnde Produktivitetskommisjonen rapporten sin som peiker på årsakar til kvifor norsk produktivitetsvekst sakkar akterut. Siemens og Norsk Industri meiner det er mykje å lære av dei beste. Dei tre finalistane er Kleven, Glava i Stjørdal og Hexagon Ragasco på Raufoss.
Tidleg i mars var ein delegasjon på besøk til Kleven Verft for å sjå om dei er Noregs smartaste bedrift. Dei var tydeleg imponerte over det dei fekk sjå og høyre.
Tysdag om to veker får me vite om dei vart imponerte nok til å gje Kleven prisen "Noregs smartaste bedrift".