Ferjesjef i Norled, Inge André Utåker, kan kvart på ti tysdag morgon melde at to testar av ferja "Ullensvang" har vore gode begge to, og at ein ikkje har funne noko meir feil.

- Det ser ikkje så verst ut. Mannskapet er ute og testkøyrer ho no. Om ein ikkje finn meir som må rettast på så starter ein opp att i ruta klokka 10.

Utåker slengjer likevel med eit lite apropos.

- Vi har ikkje funne nokon konkret feil, og det kan moglegvis ikkje vere så bra, men vi satsar på at ferja skal vere tilbake i normal drift igjen nok så raskt, seier ferjesjefen.

Var innstilt

På heimesida til Norled.no stod det under driftsmeldingar klokka 06.22:

-  "Ullensvang" er innstilt inntil vidare, på grunn av tekniske problem.

"Ullensvang" er B-ferje mellom Hareid og Sulesund, og skal etter ruta gå frå Hareid kvar time.

Ho gjekk ikkje verken klokka 06.00, 07.00 eller 08.00 i dag, tysdag.

Norled opplyser at ferja har problem med smøreoljesystemet på hovudmotoren. Ferja kan ikkje gå før dei finn ut av problema. Reserveferja er i bruk på sambandet Koparnes-Årvik og kan ikkje setjast inn umiddelbart.

Sist "Ullensvang" hadde teknisk svikt, var 25. mars.

Oppdatert 10:10: Norled melder at ferja på B-sambandet er tilbake i normal drift.