For ein månad sidan var Pål Farstad (stortingsrepresentant for Venstre) i lag med venstreleiar Trine Skei Grande på besøk hjå Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund. NMK hyser vel 800 høgkompetansearbeidsplassar innanfor maritim sektor.
Farstad vart så inspirert etter dette møtet at det danna grunnlag for eit spørsmål til statsminister Erna Solberg under spørjetimen sist onsdag.
- Hovudbodskapen til NMK var at dei var klare til å ta ein leiarrolle i å gjere norskekysten til ein inkubator for ny miljøvennleg teknologi og til å ta ein leiande posisjon i den nye veksande marknaden. Nasjonalt og globalt. Kort sagt: dei er på lag med framtida. Dei er klare for grøn vekst. Men for å få til det er dei avhengige av nokre nasjonale tiltak, mellom anna at alle ferjer, kystfraktfartøy og hurtigbåtar innan 2030 skal ha nullutstslepp og at me får på plass eit anbodsregime knytta til nullutsleppsteknologi for nye ferjeanbod så raskt som råd, helst innan 2016, sa Farstad og synte til at dette er tiltak som ikkje kostar pengar, men som stiller krav til politisk leiarskap om å tore å satse på det grøne skiftet i staden for gårsdagens løysingar og teknologi.
- Mitt spørsmål til statsministeren er følgjande: Vil statsministeren stå saman med den maritime næringa for å få til det grøne skiftet, ville Farstad vite.
Solberg svara at regjeringa jobbar med den maritime strategien. Ho viste til at teknologien ikkje er heilt på plass, det er litt problem med den batteridrevne ferja som er i drift, men dette er interessant og noko dei vil arbeide vidare med. Å bytte ut dagens ferjer med batteridrevne ferjer er ikkje gratis, så dei vil ikkje investere før teknologien er på plass.
Viktig sak for Venstre
Gunn Berit Gjerde fortel til Vikebladet Vestposten at det grøne skiftet i den maritime sektoren er ei viktig sak for partiet Venstre. Dei har landsmøte denne helga i Tromsø. Partileiar Trine Skei Grande brukte i leiartalen sin på landsmøtet eit heilt avsnitt på å snakke om Maritim Foreining og krav om skifte i miljøteknologi på ferje, hurtigbåtdrifta og kysttrafikk etter møtet på NMK.