Ann Kristin Brandal har som mål å oppdra media: – Diabetes type 1 er noko heilt anna anna type 2. Type 1 kan i alle fall ikkje lækjast med kvitløk, varslar ho.
Stor skilnad: Vikebladet Vestposten skreiv torsdag 30. april om Grigor Demirova som hadde blitt kurert av diabetes etter at han begynte med det nepalske kjerringrådet kvitløk og sprit. - Media må begynne å skilje mellom diabetes type 1 og 2. Type 1 er ein autoimmunsjukdom, som ikkje kjem av dårleg livsstil. Du kan ialle fall ikkje kurere sjukdomen med kvitløk, seier Ann-Kristin Brandal i Hjørungavåg, som sjølv har ei dotter med diabetes type 1.