– Kvifor lage eit slikt spetakkel? Vi gav politiet papira som viste at vi hadde alt i orden. Det var ikkje interessant for politibetjentane, dei hadde fått ein telefon om at det blei servert alkohol, og det var det dei ville halde seg til, seier Inge Eidem.
Han eig lokalet der gamle Vikingen Pub heldt til. Han og hovudarrangør Andreina Gutierrez arrangerte laurdag ein privatfest med innslag av latinodans i lokala.
– Arrangementet var ei oppleving av livsglede og fargesprakande dans og musikk, og sydlandsk mat. Dei fleste hadde det kjempekjekt, fortel Eidem.
Men så skifta det frå godt stemning til eit mareritt, fortel han.
Klokka ti på tre på natta kom politiet til lokalet, og fortalde dei hadde fått opplysningar om at det gjekk føre seg ulovleg skjenking av alkohol der.
– Vi leitte fram dokumentasjonen på at festen var godkjent av Ulstein kommune, men det var ikkje godt nok. Då dei kom til oss blei vi ikkje møtte med eitt einaste vennleg ord. Det var berre aggresjon. Dei meinte vi gjorde noko ulovleg, medan vi visste det ikkje stemte. At det kan komme ein slik reaksjon på eit tips dei får på natta, om ulovleg skjenking, det høyrer ikkje heime nokon plass, seier Eidem.
Han fortel at både dei sjølve som arrangørar følte seg trua og trakasserte av politiet, og at ingenting dei sa hjelpte i det heile.
– Det var som ein vond draum, eg hadde ikkje trudd at politiet kunne vere slik, seier Andreina Gutierrez.
Godkjent av kommunen
Gutierrez, som stod for kommunikasjonen med Ulstein kommune i forkant, forstår lite av politiet si framferd.
– Vi hadde på førehand sendt Ulstein kommune ein søknad om ambulerande skjenkeløyve. Etter samtalar med kommunen vart vi heller einige om at arrangementet kunne definerast som ein privatfest, og regelverket for privatfestar vart så gjennomgått i samråd med ein representant for Ulstein kommune. Folk blei oppmoda om å ta med seg si eiga drikke, og vi sette på plass eigne kjøleskap rundt omkring i lokalet. Vi gjorde alt etter norske lovar og reglar, seier hovudarrangør Gutierrez.
– Ville berre ha det kjekt
Andreina er ei mange opphavleg frå Mellom- og Sør-Amerika busett i regionen. Ho fortel at ho og mange andre, både latinamerikanarar og nordmenn, synast utelivet i Ulsteinvik er for keisamt.
– For oss er ikkje ein trubadur eller disko med dunkemusikk interessant. Vi vil danse, bevege på kroppen, kjenne oss levande. Kvifor skal vi reise til latino-miljø i Oslo eller Trondheim når vi kan få til det same i Ulsteinvik?, seier ho og legg til:
– Vi ville berre ha det kjekt. Då er det ekstra surt når vi sit igjen med kjensla av at politiet, som eigentleg har som oppgåve å tryggje oss som menneske i kvardag og fest, gjer det motsette. Vi blei skremde av oppførselen, seier ho.
– Det er ein kultur som har bredt seg, at politiet i staden for å vere problemløysarar, gjer det motsette. Dei er alt for aggressive, og prøver ikkje å løyse konflikten. Dei skaper den i staden. Det er ein macho-kultur som ikkje høyrer heime hos det norske politiet, meiner Eidem.
– Eit heilt vanleg oppdrag
Lensmann i Ulstein og Hareid, Egil Rustad, har prata med den eine av politibetjentane som var på vakt den aktuelle natta, og meiner betjentane har oppført seg slik situasjonen tilsa dei burde.
– Det er eit klassisk politioppdrag, og eit heilt vanleg oppdrag. Det var ifølgje politibetjenten eg har prata med full fest der, med mange rusa personar. Dei følte dei hadde ein grei dialog med arrangørane av festen, men det blei litt amper strening då andre som ikkje hadde noko med sjølve arrangeringa av festen blanda seg i samtalen, og då lyt ein vere meir bestemt og restriktiv som politi. Når stemninga blir forsura, vil alle merke det, seier Rustad.
Lensmannen konkluderer med at politiet ikkje har gjort noko anna enn å gjere jobben sin.
– Slik eg har forstått det er det ikkje berre politiet som har medverka til at stemninga blei amper. Politibetjentane oppførte seg slik dei burde, sett i lys av situasjonen, seier Rustad.