Etter planen skulle Honningsvågrevyen kome til Ulsteinvik for vel ein månads tid sidan, men sjukdom gjorde at dei måtte utsette tidspuktet.

Men i morgon, torsdag 9. april, er dei på plass.

Ved Ulstein kulturkontor opplyser dei at dei som framleis har billettar som vart kjøpte til den førre framsyninga, kan nytte dei torsdag.

Dei som ikkje har billett, kan tinge gjennom nettsida til Sjøborg. Det er framleis ledige billettar.

- Framsyninga står som ein påle

Honningsvågrevyen har fått lattermusklane til å jobbe på høggir under turneen dei har gjennomført.

Finn Arild Selnes, Frank Arne olsen og dei andre herrane i Honningsvågrevyen, har etter utallige oppmodingar leita fram glansnummer frå suksessframsyninga "Fresk, Frank og Freidig", som karane slo gjennom med i 1999-2000.

- Denne framsyninga står som ein påle med sinnsjukt morosame figurar, knallgode tekstar og ein publikumsappell som saknar sidestykke, heiter det i ei pressemelding.

I tillegg dukkar det opp ein og annan figur som ikkje er heilt tame enno, og eit par nye andlet.