I fjor  fekkk Jets Vacuum Merket for god design med toalettet Jets Pearl.

Alle som har mønstra på ein båt veit at toaletta om bord kan vere så som så. Men Jets Vacuum på Hareid, som er verdas største leverandør av sanitærutstyr til båtar, har utvikla eit toalett som er betre å sitje på, lettare og reingjere og ser penare ut.

For dette toalettet fekk dei altså Merket for god deisgn.

Under utdelinga i fjor var det Tor Rønnestad i Jets Vacuum som tok mot prisen:

- Vi har over halvparten av den maritime marknaden for vakuumtaoalett, men konkurransen er hard. Vi innsåg at ein ny toalettmodell med unike eigenskapar ville gi oss ein stor fordel i konkurransen. Målet vårt vart derfor å utvikle eit toalett som ser lekkert ut, er enkelt å gjere reint, har god ergonomi og som er lett å montere, sa Rønnestad.

Merket for god design blir delt ut på Norsk design- og arkitektursenter 15. april i samband med Deisgndagen.