Ordførarane i Hareid og Ulstein  ønskjer forslag på aktive pensjonistar som fortener å bli inviterte til «Afternoon Tea» på Slottet.

Vilkåret for invitasjonen er at personane er over 67 år, og at dei har lagt ned ein innsats i lokalmiljøet, utan å fått HM Kongens fortenestemedalje.

Ordførarane Jan Berset i Ulstein og Anders Riise i Hareid tek gjerne imot tips frå folk som meiner dei kjenner nokon som hadde fortent ein slik heider.

Forslagsfrist 18. juni

Men tipsarane må vere raske, for fristen er sett til onsdag 18. juni.

Tipsa kan skje via telefon, eller på mailadressa direkte til ordførarane.

Kongeparet ønskjer å setje fokus på verdien av ein aktiv alderdom, både for den enkelte, for medmenneske og for lokalsamfunnet.

Arrangementet på Slottet vil innehalde både omvisning, servering, talar, innslag og samtalar.