Perny Ann Nilsen (Frp.) som i avisa tysdag og på vikebladet.no stod fram og sa at  salet av Hareid Godsterminal  er ein skandale, meiner at berre halvparten av argumentasjonen hennar kom med.

Dyre truckar

- Det som gjer situasjonen så ille er at kommunen i driftsavtalen for Godsterminalen har forplikta seg til mellom anna å investere i to nye truckar, ein på 3 tonn og ein på 10 tonn. Kommunen skal stille truckane vederlagsfritt til disposisjon for drivarane. Det vil bli ei stor investering for kommunen. I tillegg står det også i driftsavtalen at kommunen skal betale ISPS-avgiftene, og at inntektene ved skipsanløp skal tilfalle Dimo.

Nilsen opplyser at Dimo også har fått tinglyst rett til å nytte tilkomsten mot aust, sjøsida og kaifronten. Dimo har også fått tinglyst forkjøpsrett til areal nord- og vestover, når eller dersom dette arealet blir opparbeidd.

- I avtalen står det heller ingen ting om kva som vil skje viss Dimo seier opp avtalen før dei 20 åra er omme. Eg synest denne driftsavtalen, med dei økonomiske konsekvensane det kan få for Hareid kommune, er ein viktig del av forklaringa mi på kvifor eg kallar salet ein skandale, seier Nilsen.