Under formannskapsmøtet i Hareid kommune sist veke fremja ordførar Anders Riise (H) eit forslag om å godta eit tilbod frå Dimo AS om å kjøpe godsterminalen på Hareid, og arealet rundt, til ein pris på 4,6 millionar kroner.

Dette meiner gruppeleiar i FrP, Perny Ann Nilsen er eit dårleg val.

– Eg fremja eit forslag om å avvise dette tilbodet, fordi kommunen nærmast gir frå seg heile anlegget, seier Nilsen oppgidd.

– Bryt regelverket

Noko av argumentasjonen for Nilsens synspunkt, er at ho hevdar kommunen bryt med regelverket til ESA (overvakingsorganet til Det europeiske frihandelsforbundet).

– Det står ganske greitt forklart i saksdokumenta at ifølgje ESA skal ikkje salsprisen vere under lågaste marknadspris. Den salsprisen er på fem millionar kroner, forklarar Nilsen.

– Min argumentasjon er derfor at vi bryt regelverket og kan få problem med det, samstundes som at vi har ein del økonomiske forpliktingar, legg ho til.

Vidare står det i regelverket at ein lågare salssum enn takst kan aksepterast av ESA, men skal då vere transparent og grunngjeven.

– Dårleg utlysing

Nilsen stiller også spørsmål ved utlysinga av bodrunden, som ho også meiner bryt med regelverket. I saksdokumenta går det fram at «ein bodrunde er tilstrekkeleg utlyst når den er kunngjort fleire gonger i to månader eller meir i nasjonal presse, lysingsblad for fast eigedom og gjort kjent gjennom eigedomsmeklarar».

– Men dette har berre blitt utlyst i Regionavisa og på Hareid kommune sine nettsider. Det er vel ikkje først og fremst heimesidene til kommunen folk les for å kjøpe eigedom, undrar Nilsen seg.

– Ei skandale

I utgangspunktet var Nilsen positiv til å selje godsterminalen, sidan FrP-politikaren meiner at kommunen ikkje har drifta den godt nok. Men at kommunen no vel å selje unna bygget under takstverdi meiner ho at kommunen ikkje vil tene noko spesielt på.

– Alt i alt så meiner eg at dette er ein dårleg «deal» for Hareid kommune. Det er ei skandale at vi sel anlegget så billig, seier Nilsen fortvila.

Ordførar Anders Riise om vedtaket:

Hareid-ordførar Anders Riise (H) er glad over formannskapets vedtak om å selje godsterminalen.

– Formannskapets vurdering var om vi skulle godta bodet frå Dimo AS eller ikkje. Det er også ein sju års driftsavtale inne i biletet her. Det var mange omsyn å tenkje over, som til dømes arbeidsplassar, seier ordførar Anders Riise om forvedtaket om å selje godsterminalen.

Reelt 5,6 millionar

Ordføraren meiner at salet av Hareid Godsterminal både er positivt på kort og lang sikt. Sjølv om bodet frå Dimo var på kr 4,6 millionar, noko som er 400.000 kroner under takst, meiner Riise likevel at den reelle summen er over taksten.

– Bodet frå Dimo var rett nok på 4,6 millionar kroner, men samtidig har dei også investert éin million kroner i å oppgradere bygget. Så det kjem litt an på korleis ein reknar det, seier Hareid-ordføraren.

Positiv vinkling

Som også ser positivt på vedtaket om å selje godsterminalen.

– At Dimo kjøper bygget for å oppgradere det og satse her, ser eg på med ei positiv vinkling, avsluttar Anders Riise.