Den nye Opplæringslova har ikkje noko talfesta grense for kor mange elevar som kan gå i same klasse på barneskulen. Både ved Hasund skule og ved Ulsteinvik barneskule låg det an til at dei frå hausten ville få kvar si skuleklasse med rundt tretti elevar.

Tidleg i mai vedtok levekårsutvalet samrøystes at formannskapet burde løyve meir pengar til skulesektoren for å unngå så store klassar i barneskulen. Men Pål Grødahl (Venstre) var den einaste i formannskapet som røysta for det.

No har kommunalsjef Leif Ringstad kome til at kommunen likevel skal dele desse klassane. Dei får det til gjennom meirinntekter.

Dette gledde medlemene i levekårsutvalet då dei var samla til møte denne veka.

Bjørg Hasund (Kristeleg Folkeparti) sa ho vart oppløfta over at kommunen deler desse klassane. Ho viste til det som vart sagt på skulemøtet på Sjøborg tidlegare i år om kor viktig det er å gripe fatt i den einskilde eleven i småskulen. Det er enklare i små klassar.