Ulstein kommune er på jakt etter ein ny folkehelsekoordinator. Søknadsfristen var for ein månad sidan. Det kom inn tjue søknader til jobben, 18 kvinner og 2 menn.

Dei er: Linn Therese Holstad, Hege-Anett Leikanger, Kristina Meinseth, Kari-Janne Ljones Kulø, Aina Voll, Stina Jakobsen, Henriette Hansen, Linn-Christin Torgersen, Synnøve Reppe Thomassen, Regine Aklestad, Monica Torvik, Kristine Dale, Karin Holst Åslund, Synnøve Ringset Fuglehaug, Hildegunn Utgård, Tommy Dahl, Oddhild Bjåstad, Karianne Sveen Orvik og Morten Bremnes Ottesen.

Den eine kvinna ville ikkje ha namnet sitt offentleggjort.

Seks av søkjarane jobbar som fysioterapeutar. Dei fleste har helserelaterte jobbar. Søkjarane er i alderen 24–44 år.