I fleire år har Ulstein kommune arbeidd for å få Dimna grendehus til å overta bygget, men partane er ikkje kome til semje. I februar i år inngjekk kommunen og grendehus ein driftsavtale for å kome vidare i prosessen.

Styret i grendehuset vart overraska då kommunen kontakta dei om at det skulle kome ein barnehage inn i bygget frå august til oktober. Men dei følte dei ikkje hadde anna val ennå godta det.

No etterlyser dei leigeinntekter for at kommunen fekk ha barnehage der. Dei ønskjer 9000 kroner.

På grunn av barnehageutstyr i lokala har dei i denne perioden ikkje hatt trening i bygget og dei har gått glipp av å leige ut huset tre helgar, noko som hadde vore kjærkome inntekt.