Ein ung mann, busett i Hareid kommune, har i Sunnmøre tingrett fått ei straff på 23 dagars fengsel for kjøp, oppbevaring og røyking av hasj. I tillegg må han betale ei bot på 2000 kroner.

Han er tidlegare ustraffa.

Mannen har forklart at det starta med at han kom i kontakt med to karar på ein stad der dei sel bilar. Han stod og røykte då ein av mennene kom bort til han og spurte om han røykte hasj. Mannen fekk deretter eit telefonnummer, og avtalte hasjkjøp via telefon.

Dette resulterte i at han fekk kjøpt hasj to gonger.

På Moa

Ein gong møtte han to menn på Moa butikksenter i Ålesund. Deretter køyrde dei i lag til ein plass der hasjen vart overlevert.  Den andre gongen møtte han ein mannein  annan stad i utkanten av Ålesund, og fekk kjøpt heile 50 gram med hasj.

Retten har lagt til grunn av stoffet var meint til eige bruk, og mannen har forklart at han for det meste var åleine når han røykte hasjen. Men retten meiner at kvantmet er stort, og at det medfører spreiingsfare. I tillegg til at det gir eit betydeleg antal brukardoser.