Årets Skjemtegaukfestival er lagt til 12. og 13. august, på Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik.

Dei har no fått på plass 8 komikarar. Tre av dei er førstegongsreisande i Skjemtegauksamanheng, men slett ikkje umeritterte. Maria Stavang frå Bergen vart kåra til landets største standuptalent under vår største standupfestival Bergensfest i år. I fjor gjekk den prisen til trønderen Mariell Køste, som også kjem til Ulsteinvik for første gong i august. Den tredje av nykomarane er Henrik Fladseth, som allereie har hatt eige soloshow, Kverulant, og som til hausten kjem med eige humorprogram på TV2 Humor.

I tillegg gjer Ålesundsbaserte Magne Storvik comeback. Han har tidlegare vore med på festivalen, og gjort stor suksess blant publikum.

Årets festival er unik på den måten at dei har med heile 4 tidlegare vinnarar av publikumsprisen "Årets Skjemtegauk". Ein av dei, Vidar Hodnekvam, som både har hatt eige soloshow "Oppvekst" og forestillinga "Bergensbølgen" dei siste to åra, har til og med vunne Årets Skjemtegauk to gonger, i 2009 og 2010. Christer Torjussen vann prisen i 2005, og er i år aktuell med sitt nye show "Drittpappa". Halvor Johansson vann i 2014 og André Ulveseter i 2015, og begge dei to kjem også attende i år.

–  Skjemtegauk vert arrangert for 13. gong i år, og me trur ikkje me overdriv når me seier at dette truleg er den største og mest morosame samlinga av komikarar som nokon gong har besøkt Ulsteinvik, meiner Geir Sindre Breivik og Åge Andre Breivik.