Kommuneproposisjonen for 2017 blei framlagd onsdag. Mykje positivt kan dragast ut av den, meiner Høgre-kvartetten Anders Riise (Hareid-ordførar), Arnulf Goksøyr (Herøy-ordførar), Helge Orten (stortingsrepresentant) og Charles Tøsse (fylkespolitikar). I lunsjen under «Treffpunkt Hafast» blei det tid til ein liten diskusjon kring noko av det andre store som skjedde denne dagen, nemleg framlegginga av forslag til revidert nasjonalbudsjett.
- I kommuneproposisjonen finn vi fleire gledelege punkt for vårt område. Mellom anna at Hareid, Herøy og Ulstein får omstillingsmidlar. Vi er i ein omstillingsfase, og blir no sett i stand til å møte utfordringane på ein god måte, seier Anders Riise.
Ulstein får 2,3 millionar kroner, Herøy 3,3 millionar kroner og Hareid 2,1 millionar kroner. Ulstein, Herøy og Hareid har ei arbeidsløyse på høvesvis 4,6 prosent, 5,2 prosent og 5,4 prosent ledige.
Orten: - Bør prioritere unge
Omstillingsordninga i samband med auka arbeidsløyse er ei ordning inn mot kommunar i Agder, Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal. I desse fylka har arbeidsløysa auka mest.
- Det er ei ordning som inneber at enkelte kommunar får kompensert eit fast eingongsbeløp per arbeidsledige over landsgjennomsnittet. Så straks Stortinget får gjort eit vedtak i juni, blir desse pengane fordelte ut til kommunane. Så kan ordførarane setje seg ned og syte for at pengane blir nytta fornuftig, seier stortingsrepresentant Helge Orten.
Han meiner kommunane kanskje helst bør prioritere å få til betre ordningar for å fange opp unge arbeidsledige.
- Ungdomsledigheita må ein verkeleg ta inn over seg, og prøve å nytte desse midlane i retning dei. Men generelt er det viktig at kommunane får sett desse pengane i arbeid slik at det skaper aktivitet og sysselsetjing, seier Orten.
Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr føler det er vanskeleg å gi eit svar på kva dei, som får mest i omstillingsmidlar av dei tre kommunane, skal nytte pengane til. Nokre idear har han likevel.
- Det er klart at vi må leite etter tiltak som gir reell sysselsetjing. Ein kan sjølvsagt nytte pengane til innkjøp av materiell og utstyr, men vi må finne løysingar som gir reelle jobbar. Det er mykje vi kunne tenkt å nytte pengane på, men vi må kome tilbake til kva det blir brukt til. Utfordringane i næringslivet no, med permitteringar og oppseiingar, gjer at ein får ein «spin-off» på andre område, og då er det viktig at vi klarer å få dei kreftene i arbeid, kanskje i form av nyetableringar. Kanskje varige arbeidsplassar til og med, seier Goksøyr og legg til:
- Vi har faktisk ikkje bedt om pengar. Men det at regjeringa har vore så pro-aktive viser at dei ser vi treng dette.