Regjeringa la onsdag fram sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett. Også situasjonen i dei store ferjefylka er med i den reviderte utgåva, og gjort noko med.

Høgre-kvartetten Anders Riise (Hareid-ordførar), Arnulf Goksøyr (Herøy-ordførar), Helge Orten (Stortingsrepresentant) og Charles Tøsse (fylkespolitikar) meiner det er viktig at fylkeskommunen no får 40 års avskriving av ferjeavløysingsmidlar, og at dei reelle utgiftene ved auka kostnader på ferjeanboda blir kompensert på ein heilt annan måte.

- Dette har vore eit stort problem sidan 2010, då vi fekk vegoverføringa frå stat til fylke. Etter dette blei det ei eskalering i kostnadane i ferjeanboda, som det ikkje har blitt kompensert for i inntektssystemet. No blir dette kompensert, og vi får frigjort midlar til å bruke på andre vegar, seier Anders Riise til Vikebladet Vestposten.

- For fylkeskommunen har dette vore ein av dei store utfordringane. Det som skjedde etter forvaltningsreforma i 2010, med auka kostnadar på ferjesida. Det har vore jobba langsiktig inn mot Stortinget, for å få på plass ei betre ordning enn den vi har i dag, og no kjem det tydelege signal om at det frå 2017 blir eit anna system, knytt til dei reelle kostnadane med ferjene, seier Charles Tøsse.

Helge Orten, stortingsrepresentant for Høgre, seier seg einig i det både Riise og Tøsse seier. Han meiner det regjeringa no legg opp til er bra.

- Det eine er kostnadsveksten i ferjesektoren, som har auka meir enn den generelle kostnadsveksten. Det andre er fordelinga mellom fylka. Fordelingsnøkkelen er ikkje endra på førebels, det er eit arbeid som vil halde fram. Det vil bli fordelt i forhold til talet på ferjesamband.

Ferjeavløysingsordning gir fleir bru- og tunnelprosjekt

40 års kompensering for ferjedrift kan bety mykje for ferjefylket Møre og Romsdal, noko også Jan Tore Sanner er samd i.

- Ordninga legg til rette for at fleire bru- og tunnelprosjekt kan realiserast, slik at kommunar og regionar kan knytast saman på ein betre måte enn i dag. Vi håper dette vil stimulere til vekst og auka verdiskaping i kystkommunane, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.