Ei kvinne frå Ulstein kommune søkte for ei tid tilbake på ei stilling i ein bank i Ålesund. Vilkåret for å få stillinga, var at søkjarane hadde fullført ei utdanninc som bachelor.

Det hadde ikkje kvinna. Ho hadde berre nokre fag frå høgskulen.

Ho gjekk inn på Internett og fann ut korleis karakterutskrifta frå bachelorstudiet såg ut, og ho prøv de å etterlikne dokumentet mest mogleg. Kvinna laga til noko som likna, og la det ved søknaden til banken. Det framlagde vitnemålet viste at ho hadde fullført ein bachelor i handels- og serviceleiing ved Høgskulen i ålesund med i alt 180 studiepoeng våren 2014. Men det rette var at ho hadde gjennomført studiar ved skulen tilsvarande 22,5 studiepoeng nokre år tidlegare.

La alle kort på bordet

Banken avdekka at dokumentet ikkje var ekte. Ho vart derfor kalla inn til banken, og kvinna la alle kort på bordet og erkjente at dokumenta var forfalska.

Banken varsla at dei ville sende saka til Høgskulen i Ålesund, som deretter melde saka til politiet.

Kvinna vart kalla inn til avhøyr, og erkjente forholde, og også at ho var straffeskuldig i høve til siktinga.

Ho understeka at ho angra svært på det ho hadde gjort.

Påtalemakta foreslå at straffa skulle setjast til ubetinga fengsel i 15 dagar. Og Sunnmøre tingrett kom fram til same straffeutmåling.

Viktig med tillit i ein søkjarprosess

Retten har lagt vekt på at det ved framlegging av vitnemål i ein søkjarprosess er viktig med tillit for å sikre ein velfungerande prosess. Den teknologiske utviklinga har gjort det stadig enklare å gjennomføre forfalskingar, samtidig som framlagde vitnemål blir tillagt vesentleg betydning ved tildeling av stillingar.

Utan tilståing ville kvinna fått ei fengselstraff på 18 dagar.