I folkehelseprofilen for Ulstein kommune kjem det fram at det er færre born i kommunen som veks opp i husstandar med låg inntekt (60 % av nasjonal medianinntekt) enn landssnittet.

Det er færre ungdomsskuleelevar enn landssnittet som svarer at dei er fysisk inaktive, det vil seie at dei er andpustne eller sveitte sjeldnare enn ein gong i veka.

I tillegg er fråfallet i vidaregåande skule er lågare i Ulstein enn landsnivået.