– Vi hadde eit håp om at partane skulle setje seg ned no over helga, men det blei ikkje slik. Det kom ei melding om at NHO Reiseliv hadde sendt eit forslag til Fellesforbundet, men så fekk vi beskjed av Fellesforbundet om at så ikkje var tilfelle. No ventar vi eigentleg berre på at partane skal møtast og finne ut av dette, seier Anita Humberset, hovudtillitsvalt for dei streikande ved Quality Hotell Ulstein, som er organiserte i Fellesforbundet.

Onsdag møtte Vikebladet Vestposten ho og fleire andre som sat streikevakt utanfor hotellet, på tredje veka. Somme stader har det vore streik i nesten fire veker.

– Vi har pakka oss godt inn i fleire lag kle og har kaffi på termosen, så vi held ut vi, seier Humberset og smiler.

I helga blei det som Humberset fortel rykteflaum, då det vart sagt at NHO Reiseliv ville legge fram eit konkret forslag om ei løysing. Ei løysing med eit kompromiss kring lokale lønnsforhandlingar.

– Vi treng ikkje nødvendigvis å nytte industrimodellen, men vi ønskjer i alle fall å få på plass ein form for lokale lønnsforhandlingar som fungerer for oss, seier Humberset.

Sjølv om Fellesforbundet nektar for å ha motteke eit slikt forslag, trur dei streikande i Ulsteinvik dette kan vere eit signal om at noko kan vere i ferd med å skje.

– Vi håper det, seier Humberset og dei andre.

Vil ha betre betalt

Utanom rett til lokale lønnsforhandlingar handlar også denne streiken om lønn. Anita jobbar som kokk ved hotellet, og fortel om lønnssituasjonen til si yrkesgruppe.

– Det er spesielt at det Fellesforbundet betalar no som ein er i streik, netto, nesten svarar til det ein har utbetalt som kokk, med åtte års ansiennitet. Eg for min del er avhengig av å ha ein sambuar som jobbar i industrien, og som tener mykje meir. Slik veit eg det er for mange i denne bransjen. Vi er for lågt løna, seier Anita.

Dei streikande utanfor hotellet er klare på at låg lønn kan virke skremmande for nyutdanna.

– Skal vi klare å rekruttere nye, flinke folk, så må lønna vere slik at det blir attraktivt å jobbe innan hotell- og restaurantnæringa, seier dei.

– Dramatisk

Søndag måtte Quality Hotell Ulstein stenge dørene, då det ikkje var forsvarleg å halde ope lengre. Streiken blant dei hotell- og restauranttilsette er no på tredje veka, og det ser mørkt ut med tanke på månadsbudsjettet for mai, kan hotelldirektøren bekrefte. Han og resten av leiargruppa, samt ein uorganisert tilsett, er dei einaste som framleis er på jobb.

– For vår del er det dramatisk no. Vi har hatt ein stor omsetningssvikt desse vekene, sjølv om vi trass alt har klart å halde opent. Men, søndag sa det diverre stopp, seier hotelldirektør Odd Petter Meinseth.

Både arrangement og kurs har dei få attverande tilsette klart å takla fint, mellom anna eit stort bryllaup første helga tilsette var ute i streik.

– Brudeparet og resten av følgjet var veldig nøgde, og arrangementet blei gjennomført på ein framifrå måte.

I alt 29 tilsette ved hotellet er tekne ut i streik til no, der to av dei gjekk ut dei siste dagane. Det har ført til at daglege gjeremål som til dømes å reie opp senger har blitt ei utfordring.

– Vi har vaska rom og reidd opp senger til den store gullmedaljen. Eg veit no verkeleg kor tøft det er å vaske rom, seier Meinseth.

God dialog

Hotelldirektøren fortel til lokalavisa at dei streikande og leiinga har ein god dialog, og at dei som er i streik har oppført seg fint når hotellet likevel har hatt ope.

– Vi snakkar godt saman, og sjølv om streiken er lovleg, og at både vi og dei som streikar syns det er litt rart når det er slik, så skal vi frå begge sider respektere kvarandre. Dei streikande har oppført seg bra, noko som er veldig viktig når streiken er over og vi skal gå tilbake til kvardagen igjen, seier Meinseth.

Hotelldirektør Odd Petter Meinseth har all mogleg respekt for dei tilsette sin rett til å streike. Men, no kan streiken få alvorlege konsekvensar for drifta, om den held fram mykje lenger. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.