Dåpen blir ved Quality Hotel Ulstein komande torsdag, opplyser distriktsansvarleg Bertil Holen i RS Møre og Romsdal.

- Det kjem til å bli heile tre redningsskøyter som ligg til kai, og interesserte kan ta seg ein titt om bord. Det kjem til å bli ei kjekk ettermiddag i Ulsteinvik, legg han til.

RS "Idar Ulstein" vil bli stasjonert i Fosnavåg, og skal erstatte RS "Emmy Dyvi".

- Ulsteinklassen

- Dette blir ei heitl ny skøytetype, Ulsteinklassen. Ingen har sett maken. Skøyta blir topp moderne, med alt mogleg utstyr som trengst om bord. Eg håper mange tek turen til Ulsteinvik for å sjå på dåpen, seier Holen.