Ved Ovravegen

Det eine gjeld eit tips frå SSR sine folk, som har merka seg at det er fråsegslengt ein stor haug med rot ovanfor Ovravegen. SSR kallar det ei «ulovleg søppelfylling/skjemmande avfall» og ber kommunen ta grep.Ved kunstgrasbana

Det andre tipset kjem om ein ny «gras- og greinplass» fram om kunstgrasbana i Hareidsmyrane.

Tipsaren skriv at «det er no lagra opp eit stort fjell med gras og greiner på området». Han peiker vidare på at plassen er avsett til utvikling av idrettsanlegg. Dei rette ansvarlege må derfor fjerne graset og greinene.

- Dette er også utan tvil med på å undergrave SSR sin greinavfallsplass på Eidet, som Hareid kommune vel har «eigarskap» til, meiner tipsaren.

"Mellomlagring"

Kommunalsjef Nils Ynge Nupen skriv i eit svarnotat at det er han som har gitt løyve til mellomlagring på det nemnde området. Bakgrunnen er å få til ei mest muleg rasjonell drift av idrettsanlegga og kommunen sine grøntareal. Han slår fast at mellomlagringsplassen no blir stengd for vidare lagring.

Det kan dermed ligge til rette for at Hareid IL og Hareid kommune må samsnakke om korleis ein skal transportere bort «kommunalt» gras og «kommunale» greiner i framtida.