Utviklinga er truleg ein konsekvens av nedturen i den oljerelaterte industrien.

På fylkesplan gjekk folketalet ned med 109 personar til 265.181, viser den ferske statistikken frå Statistisk Sentralbyrå.

På Søre Sunnmøre hadde fem av dei sju kommunane folketalsnedgang. Herøy minka med 29, Vanylven med 25, Ulstein med 12, Hareid med 11 og Volda med 8. Berre Ørsta (+ 27) og Sande (+ 10) hadde folketalsauke.

Totalt sett gjekk folketalet på Søre Sunnmøre ned med 48 i 1. kvartal.

Kommunane har no desse folketala:

Ørsta 10.704, Volda 9.029, Herøy 8.943, Ulstein 8.418, Hareid 5.178, Vanylven 3.232, Sande 2.569.

Av dei 36 kommunane i fylket var det folketalsnedgang i 19 og folketalsauke i 16. I ein av kommunane var det status quo. Det er første gong på svært lenge at det er folketalsnedgang i storparten av kommunane.

Ålesund held koken og auka folketalet med 27 til 46.774. Medan Kristiansund (- 69) og Molde (-43) minka.