Mare Safety AS frå Ulsteinvik har levert bysser og redningsbåtar sidan bedrifta vart stifta i 1999. Dei har hatt rammeavtale med Statoil på levering av redningsbåtar sidan 2010. Denne avtalen er no fornya til ein meir langsiktig avtale der Statoil har nytta seg av høvet til å utøve to opsjonar.

Større fleksibilitet

– Då vi inngjekk avtalen med Statoil hadde vi rammeavtale på å levere GTC 900-serien, som er den største opne båtmodellen vi har med enkel og dobbel installasjon på både motorar og vannjettar. I den nye forlenga avtalen er sortimentet supplert med opsjon på to modellar til frå GTC 700-serien, som båe er to særs populære og bruksomfattande båtar vi sel mange av, fortellproduktsjef Geir Ove Molvær ved Mare Safety.

Han viser til fleksibiliteten ved å kunne tilby Statoil fleire modellar. Dei kan som kunde velje meir produktspesifikke båtar som er romslege når ein ser på kostnad og budsjett, men som i like stor grad som MARE GTC 900-2VD held god kvalitet.

– Sjølv om vi kan tilpasse kvar einskild båt etter kunden sitt ønskje, parallelt med å handheve regelverket, er det stort sett storleiken på båtane som skil dei frå kvarandre. Utstyrsnivået er tilnærma likt, med unntak av dei båtane som har enkel og dobbel installasjon. Båtane er utrusta i henhold til SOLAS (Safety of Life at Sea), som er ein konvensjon underlagt International Maritime Organisation, som gir råd om korleis ting skal vere på sjøen for å gjere det så trygt som råd.

Båtane frå Mare Safety er også godkjent for NORSOK R-002, andre utgåve 2012, som er ein standard for tekniske krav til løfteinnretningar og løfteutstyr på alle faste og flytande installasjonar, flyttbare innretningar, lekterar og skip, samt på landanlegg der petroleumsverksemd blir utført.

Mange leverte båtar

Molvær legg ikkje skjul på at den svekka oljemarknaden vi opplever i dag gir utstyrsleverandørar som Mare Safety utfordringar. Derfor er han særs nøgd med at Statoil har vist tillit til produkta og Mare Safety som leverandør.

– Statoil er ein veldig god kunde av oss og vi har fram til i dag levert inntil eitt tjuetalls båtar til Statoil. Dei siste prosjekta vi har levert båtar til er Aasta Hansteen, Gina Krog og Heidrun, og vi jobbar i dag med fleire store Statoil-prosjekt. Eg trur vi gjer oss endå meir attraktive i framtida med supplementet av dei nye båtane, avsluttar Molvær.

Rammeavtalen inneheld også eit servicenivå på levering av service og delar til alle Statoil sine redningsbåtar.