I morgontimane sundag opplyste Sunnmøre politidistrikt om nokre blomsterpotter som var kasta i bakken i Ulsteinvik. Litt seinare på dag blir det lasta opp eit bilete på KaffiKari si Facebook-side som syner store blomsterkasser kasta rundt på kafeområdet.
Dagleg leiar Kari Janne Andersen er fortvila.
Kameraovervaka
- Politiet kom først no. Men det er ikkje berre utanfor kafeen dei skuldige har herja i natt. Kommunale benkar er velta. Bossdunkar flyt i sjøen. Dei har vore gjennom heile Sjøgata, fortel Andersen til Vikebladet Vestposten sundag ettermiddag.
Andresen omtalar handlingane som idiotiske, og minner om at området utanfor kafeen er videoovervaka.
- Det ser ikkje ut. Vi held på å rydde opp no. Dei som står bak desse ugjerningane kan melde seg. Området er videoovervaka, slår Andersen fast.
Ho vart gjort merksam på hærverket då ein kunde ringte for å gje beskjed.
- Heilt meiningslaust
Operasjonsleiar, Magne Tjønnøy, ved Sunnmøre politidistrikt kan stadfeste hærverket i Ulsteinvik sentrum natt til sundag, evetuelt i morgontimane.
- Vi har patrulje på staden som konstaterer at det er gjort ein heil del skadeverk i sentrum. I tillegg til velta blomsterpotter er det også kasta benkar på sjøen. Dette framstår som heilt meiningslaust, fortel Tjønnøy til Vikebladet Vestposten.
Også operasjonsleiaren understreker at det er videoovervaking fleire stader, og at dei har håp om å finne ut kven som står bak.
- Det er utruleg trist og irriterande for dei som har gjort ein innsats for å gjera det fint og koseleg i Ulsteinvik sentrum. No håpar vi at nokon har gjort observasjonar som kan gi svar. Om dei har det, ynskjer vi tips på telefon 02800, avsluttar Tjønnøy.