HLF (Hørselshemmedes Landsforbund) har klaga TV2 inn for Medietilsynet på grunn av manglande teksting av TV2 sine valsendingar. På spørsmål frå HLF til TV2 om kanalen vil tekste dei direktesendte valsendingane, svarte TV2 at det ikkje ville kome til å skje.

HLF meiner TV2 som riksdekkjande tv-kanal har eit særskilt ansvar for å gjere sine tv-sendingar tilgjengelege for alle delar av befolkninga slik at alle har lik moglegheit til å delta i samfunnsdebatten.

– Det er spesielt viktig at valsendingar tekstast slik at heile befolkninga får god tilgang til informasjon i samband med Stortingsvalet. Manglande teksting frå TV2 fører til at høyrslehemma vert stengd ute frå samfunnsdeltaking og demokratiutvikling, noko som kan bidra til lågare valoppslutning. Vi meiner det bør vere i TV2s interesse at deira samfunnsansvar som formidlar også omfattar dei 14,5 % av Noregs befolkning som har en høyrslehemming, fortel Per Gisle Enge, sekretær i HLF Møre og Romsdal i ei pressemelding.

HLF meiner dette er eit klart brot på AMT-direktivet. Det inneber at alle riksdekkjande TV-kanalar med større publikumsdel enn fem prosent skal tekste direktesendte program i tidsrommet 18.00-23.00 dersom det er teknisk og praktisk muleg.

Sidan TV2 har en publikumsdel på langt over dette, omfattast kanalen av kravet. Andre TV-kanalar tekster direktesendte valsendingar. Kvifor gjer ikkje TV2 det, undrar HLF.

Saka vert handsama av Medietilsynet.