Fire byggeprosjekt frå Møre og Romsdal er blant dei viktigaste i Norge.

Runde fyr, Ørsta-Volda lufthamn og hamnene i Ålesund og Bud er Møre og Romsdal sine representantar på ei storslått utstilling over Norge viktigaste bygningar og strukturar.

- Dette er byggeprosjekt som pregar oss alle i kvardagen, og som saman skaper det samfunnet vi har i dag, kommenterer kurator Truls Ramberg.

Staten har reist tusenvis av bygningar og strukturar i Norge. No blir dei synte fram i utstillinga "Arbeid pågår!", som vart opna i Olo tysdag 10. juni, og som skal stå ut september.

- Eit must å få med seg

- Utstillinga er eit must å få med seg for møringar og romsdalingar som vitjar hovudstaden i sommar. Her kan ein sjå lokale byggeprosjekt side om side med til dømes Nordlandsbanen, Den norske Opera, Barcode, Bybanen i Bergen og Eidsvollbygninga, fortel Truls Ramborg, som er kurator for "Arbeids pågår!".

Utstillinga lagar eit unikt bilete av korleis vi organiserer samfunnet vårt, og korleis vi løyser kritiske samfunnsoppgåver. Alle desse bygningane og strukturane fortel historier om oss. Dette er norsk arkitektur på sitt beste og mest relevante, sier Karianne Bjellås Gilje, programsjef for Norsk design- og arkitektursenter.

Nesten 100

"Arbeid pågår!" er arrangert av Norsk design- og arkitektursenter og byggherrane Statsbygg, Statens vegvesen, Avinor, Jernbaneverket, Kystverket og NVE. I underkant av 100 norske byggeprosjekt - stor og små - blir vist fram.