– Vår kollega som døydde etter knivstikkinga ved NAV Grorud førre måndag, skal gravleggast fredag 16. august. Alle NAV kontor i Møre og Romsdal vil difor halde stengt frå kl 12-13 i samband med dette, opplyser fylkesdirektør Stein A. Veland i NAV Møre og Romsdal i ei pressemelding.
For å heidre hennar minne, har han i forståelse med den enkelte administrative kommuneleiing i fylket avgjort å stengje NAV kontora i ein time i samband med begravelsen.
Arbeids- og velferdsdirektør Joakim Lystad har avgjort at alle landets statlege NAV-einingar held stengt i same tidsrom.