I nattas politilogg frå Sunnmøre politidistrikt står det å lese at ein bil er stolen i Bergen. Det er uvanleg at politidistriktet kjem med meldingar frå andre fylker, men når den stolne bilen syner seg å vera ein Bentley Continental GT, er det kanskje ikkje så rart.

No ynskjer politiet at folk ser etter bilen som er blå og har registreringsnummer BR34348.

Bilen vart meldt stolen i Bergen klokka 01.10 natt til sundag.

Over 2 millionar kroner

På nettstaden Finn.no finn vi ut at Bentley Continental GT har ein listepris i bruktmarknaden på mellom 1,2 - 1,9 millionar kroner.

Som ny kostar den om lag 2,2 millionar kroner.