Under eit tilstelling i Sparebank 1 Søre Sunnmøre sine lokale på Geileneset vart det torsdag delt ut totalt 270.000 kroner i prosjektmiddel til lag og organisasjonar på Hareidlandet.
Berit Overvåg Hjorth hjå Sparebank 1 i Ulsteinvik tok seg av utdelinga og fortel at banken gir frå sitt overskot for å vere med på å sørgje for at Søre Sunnmøre blir ein betre plass å bu og virke.
Tidlegare i år delte banken ut gåvemidlar i storleiken 1000 til 10.000 kroner til 22 lag og organisasjonar i Ulstein, Hareid og omland, men prosjektmiddla som vart delte ut torsdag er meinte å vere ein viktig bit i realiseringa av prosjekt med brei nytteeffekt i lokalsamfunnet.
I fylgje Overvåg Hjorth deler Sparebank 1 ut totalt 1.249.000 kroner på Søre Sunnmøre, fordelt på 35 prosjekt, der sju av dei vart delte ut ved avdelinga i Ulsteinvik.
Etter utdelinga ynskte nokre av mottakarane å takke for bidraga frå banken. Først spelte fjorårsaspirantane til Hjørungavåg skulekorps opp med tre melodiar, før Sørøyane Røde Kors Hjelpekorps tok over og gjennomførte ein redningsmanøver utanfor Geileneset.
Mottakarar av prosjektmiddel frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre:
IL Hødd Fotball–Nytt kunstgras Ulsmohallen: 30.000 kroner
Haddal Musikkorps–Nytt utstyr og uniformer: 20.000 kroner
Hjørungavåg skulekorps–Utstyr i samband med endring frå janitsjar til brassband: 20.000 kroner
Ulsteinvik skulekorps–Ungdomskorps: 20.000 kroner
Sørøyane Røde Kors Hjelpekorps–Verne og redningsutstyr til vassredning: 50.000 kroner
Sunnmøre folkehøgskule–Gravemaskin til utbetring av turløyper: 100.000 kroner
Go with the Flø–Støtte til festival: 30.000 kroner