Denne godbiten er sendt inn av Geir Inge Bjørneset Brekke, og er ein av kandidatane til månadens beste lesarvideo.

Brekke skriv dette: "Otto er ein oter frå Kvamsøya, i Sande kommune. Den liker seg veldig godt i sjøen og er ein munter fyr. Her fortel den om seg sjølv, kva den har på menyen og litt fun facts."

Vi vil framleis ha fleire videoar, via denne lenka kan du enkelt laste opp videoar frå mobilen eller pc-en din.

Søre-TV er ei fellessatsing frå tre av dei lokale mediehusa på Søre Sunnmøre: Vestlandsnytt, Møre-Nytt og Vikebladet Vestposten. Har du idéar til videoprosjekt eller har lyst til å dele ein video du har filma, ta kontakt med videojournalist Lisa Bendal på lisa.bendal@vikebladet.no.