Draumestart for Grimstadvatnet Rundt

Bra deltaking og flott haustvér

Tok leiinga Trekløveret Olger Pedersen, Joakim Gustavsen og Iver Vattøy tok teten temmeleg kjapt, men det var berre Pedersen som makta å halde på leiinga heilt i mål. Gustavsen var diverre nøydd til å bryte løpet, medan Vattøy kom i mål som nummer fem.  Foto: Jorulf Myrene

Ung vinnar Fjortenåringen Iselin Sundgot var den raskaste i kvinneklassene med tida 34.33.  Foto: Jorulf Myrene

Sport

Med tolv varmegrader og opplett kunne forholda knapt nok ha vore meir ideelle enn dei var i den første runda av løpskarusellen Grimstadvatnet rundt. Leiaren i Friidrettsgruppa i Hareid IL, Audun Ulstein, er i alle fall strålande nøgd.

- Nei, forholda kan vel knappast bli betre enn dette. Det er jo ein vinterkarusell dette, så ein kan vente seg ei løype med både is og snø, seier Ulstein som også er svært nøgd med oppmøtet.

- Vi hadde 61 som stilte til start. Ekstra kjekt var det at vi hadde med ti deltakarar frå asylmottaket LINK på Hareid, seier Ulstein.

Det var Olger Pedersen frå Hasundgot som kom først i mål, på tida 27.51. Raskaste kvinne var unge Iselin Chemmai Sundgot frå Dimna IL som sprang i mål på 34.33.

Joakim Gustavsen, som var mellom favorittane, måtte diverre bryte løpet.

- Det var fin temperatur å springe i, seier Olger Pedersen som fortel at han gjekk ut hardt heilt frå start og raskt skaffa seg ei luke mellom seg og dei andre deltakarane. Han heldt på leiinga heile vegen og kom i mål eit halvt minutt før neste mann, Are Uran frå Averøy-klubben IL Havørn.

- Dersom eg får det til, vil eg prøve å få med meg alle fire løpa i vinterkarusellen, avrundar Pedersen.

Resultat Grimstadvatnet Rundt - første løp