Spenning og romjulsmoro

Grendacupen blir arrangert i Hareidhallen for 22. gong.

28. og 29. desember er det klart for den 22. utgåva av Grendacupen på Hareid.   Foto: Hareid IL Fotball

Sport

Grendacupen (no Sparebank1 Grendacupen) har blitt arrangert i Hareidhallen 28. og 29. desember sidan 1994, og med Hareid IL ved roret sidan år 2000. Det har alltid vore stor interesse rundt cupen. Enkelte trudde Sparebank1 Grendacupen var på retur då «berre» 34 lag deltok i fjor. Men det var visst eit blaff. For i år deltek 40 lag. Det er det nest høgste talet på deltakarlag i desse 22 åra (rekord med 43 i 2012).

Og i år består turneringa av fire klassar, fordelte på 21 herrelag, sju damelag, sju ungdomslag for gutar og fem ungdomslag for jenter. Så mange lag byr sjølvsagt på utfordringar. Men arrangørane tek sjansen på fotball i 15 timar 28. desember – frå 08.00 til 23.00 – for å kome gjennom gruppespelet. Alle laga får spele minst 36 minutt med fotball dag éin. For å få dette til blir det berre to minutt pause mellom kampane. Så arrangørane kryssar fingrane for få eller ingen uhell.

Det viktigaste med Sparebank1 Grendacupen er sjølvsagt å delta, same kor ung eller tung ein er. Men det er jo sjølvsagt stor interesse rundt kven som vil vinne dei ulike klassane.

* I fjor var det eit lag med mange frå den gode 1990-årgangen til Hareid, med blant anna Ruben-Kenneth Brandal, Ørjan Engen Grimstad og Christer Adrian Mork, som endeleg vann herreklassen. Då heitte dei «Quidd». I år er laget omtrent det same, men laget heiter «Slorpestaurane». Kan 1990-gjengen vinne for andre år på rad? Det har berre skjedd to gonger tidlegare («La cosa nostra» og «Camorra» i 2009 og 2010), «Tungt» og «Tyngre» i 2004 og 2005).

Ein av utfordrarane er «Inho’s» med fleire tidlegare Hødd-spelarar som Espen Standal, Eirik Heltne og Christian Mork. Og fjorårets sølvlag, no kalla «Garasjehopp», med Fredrik Aursnes i spissen, kjem neppe til å bli lette å slå. Sjå også opp for «Vardy party», eit lag med fleire unge lovande spelarar frå Hareid, samt litt rutine, som alltid er greitt å ha inne. Eit av dei nye laga i år er «RISK», beståande av spelarar med etternamn Rise og Skeide. Eit spennande lag, med ex-Hødd-keeper Vebjørn Skeide i mål. Og så vil det garantert dukke opp fleire overraskingar blant laga som i utgangspunktet ikkje er i favorittsjiktet.

* I dameklassen har «Carro e?» (heitte «Alle skal få» første året) vunne kvart einaste år sidan 2009. I år blir det spekulert i om det er klart for eit troneskifte. Restane av «Carro e?», med tre blad Helvig og to blad Ervik i spissen (kallar seg *Navnløs*) vil heilt sikkert slå frå seg. Men «Skikkelig god da» med blant anna Vilde Hasund (Røa) i oppstillinga blir neppe lette å slå og er kanskje dei aller største favorittane. Og kva med «Prinsessene og erta», med Ragnhild Ertesvåg i spissen, som med eitt unntak har tatt sølv alle åra sidan 2009?

* Blant ungdommane er det langt vanskelegare å spå kven som er favorittar og ikkje. «Kwazulu Nathan» og «Sevi FC» blir rekna som to av dei betre ungdomslaga for gutar, medan «Diosas Futbol» og «Goldplay» får knappe favorittips blant jentene.

Det einaste som er sikkert er at det blir to artige dagar i Hareidhallen, same kor mykje ein taper eller vinn. For dei aller fleste er det beste med Sparebank1 Grendacupen at ein får møter igjen gamle kjende ein elles aldri ser i året, fordi ein har flytta vekk eller studerer andre plassar.

Og dette gjeld både publikum og spelarar.

Hareid IL Fotball ved arrangørgruppa ønskjer i alle tilfelle alle velkomne til to artige og spennande dagar i Hareidhallen!

Arr.

Her er gruppene i årets Grendacup:

Pulje A, menn:

Krædene, «Garasjehopp», RISK, 7førr Ullensvang.

Pulje B, menn:

Arrangørlaget, Inho’s, O2-snapparane, Real Gåsneset.

Pulje C, menn:

Holemix, HUS, TyrannoSuarez Rex, Bizim Takim.

Pulje D, menn:

X Æra, Slorpestaurane, Vardy Party, Nederlaget.

Pulje E, menn:

Ny Æra, Kvil dej, Oveide, Miro og Co., FC Swing swong in.

Pulje F, ungdom jenter:

Hareid spesial, Harby, Diosas Futbol, Utan namn, Goldplay.

Pulje G, ungdom gutar I:

Kwazulu Nathan, Noobsa frå Hareid, The Underdogs, Teletubbies.

Pulje H, ungdom gutar II:

Sevi FC, Georgs disiplar, Kauleveien 99.

Pulje I, damer I:

*Navnløs*, Mot I brøsta, Turid og Engen (Stjerner i sikte), Reunited.

Pulje J, damer II:

Prinsessene og erta, skikkelig god da, Team Handball.

Desse laga er påmeldt til Sparebank 1 Grendacupen:

Herrelag:

 LagnummerLagnamn Spelarar Kontaktperson 
1 Slorpestaurane Christer Adrian Mork, Ruben-Kenneth Brandal, Ørjan Engen Grimstad, Benjamin Slettebakk, Ole Monrad Alme, Richard Valde, Nikolay Sundgot, Daniel Reite, Preben Nedrelid, Martinus Warholm.Christer Adrian Mork
2 ArrangørlagetTommy Petterson Torsvik, Arthur Bakke Garnes, Robert Breivik, Kristian Angelsen, Steinar Egset Nupen, André Egset Nupen, Espen Beiermann, Per Ståle Nykrem, Stig Haugland, Ethan Horwath Tommy Petterson Torsvik
3Bizim TakimEmrah Aydin, Erik Hasund, Sujan Visagesan, Kurt Haddal, Vidar Pilskog, Kajan Anton, Thor André Barstad Gulbrandsen, Jonas Pilskog Pedersen.  Kurt Haddal
4 Miro og Co. Sivert Pieroth, Amund Kleven Rasmussen, Thanusan Tharumalingam, Honar "Miro" Alipoor, Omed Alipoor, Iver Vattøy, Håvard Knudsen Bjåstad, Kristoffer Hasfjord, Hazhir Alipoor Hazhir Alipoor
 5Oveide  Peter Hareide, Ronald Øvrelid, Vagn Scheide Mork, Hauk Hareide Killi, Gunnar Nordli, Hiwa Alipoor, Thor-Ove Brekke, Andreas Øvrelid, Vegar Øvrelid Peter Hareide
6 HUS Stian Berge Myrene, Joachim Moldskred, Andreas Rise, Bjørn Vegard Bjåstad, Gunnar Johann Ringstad, John André Bjåstad, Svein Inge Nesset, Kim-Tore Husøy, Kjell Roger Skarshaug, Ola Marius Grønmyr Rise Stian Berge Myrene
7 Inho's  Eirik "Inho" Heltne, Espen "Inho" Standal, Havtor "Inho" Skeide, Lars "Inho" Folkestad, Ola "Inho" Vattøy, Ole "Inho" Melchior, Christian "Inho" Mork Christian Mork
 8Vardy PartyMartin Breivik, Nils-Erik Engen, Andreas Emdal Fure, Antoni Gardshol, Ole André Kragset, Rikard Osnes, Venthan Ketheeswaran, Daniel Haanes, Ben Bunto, Håvard Øvrelid  Martin Breivik
 9RISK Vebjørn Skeide, Torgeir Skeide, Einar Magne Skeide, Bendik Rise, Harald H. Rise (C), Jørund Widnes Johansen, Magnus Rise, Andreas Rise, Georg Eikrem Olsen Torgeir Skeide
 10FC Swing swong in  Fredrik (Frefa) Abrahamsen, Anders Egge Brandal, Bjarne Snipsøyr, Ingar Richardsen Liaset, Fredrik Andresen, Emil Johannes Dahlen Folkestad, Odd-Magne Brandal Fredrik Abrahansen
 11"Garasjehopp" Sjur Gjerde, Aksel Røyset Bakken, Marton Muren, Mikal Haanes, Lars Mork, Kjetil Knotten, Fredrik Aursnes, Martin Nikolai Longva, Markus Hatløy, Alexander Indreflø  Lars Mork
 12ny ÆRA  André Skotheim, Mads André Værnes, Marius Rise, Lars Ivar Moldskred, Are Olav Riise, Robin Shroot, Bernt Aage Ulstein, Johs Chr. Riise Are Olav Riise
 13TyrannoSuarez-Rex Kevin Øvrelid, Emil Vartdal Hareide, Akileswaran Thuraisingam, Åge Karlsen, Arthur Hareide, Leonard Roos, Sanjey Surendiran Emil V. Hareide
 14Kvil dej  Joachim Røyset, Øyvind Hagen, Arild Hånes, Kevin Aarvik Hestholm, Fredrik Muren, Lasse Leirstad, Nikolai Røyset Nikolai Røyset
 15O2-snapparane Ulrich Kurseth, Torstein Holstad Sivertsen, Karsten Warholm, Sander Kanestrøm, Joakim Sundgot Gustavsen, Håvard Bolstad Banne, Georg Rise Gaasø, Martinus Røyset Bakken, Jan Kristian Korsnes  Torstein Holstad Sivertsen
 16Holemix Eiliv-Tore Howlid, Hallvard Holstad Møller, Joar Holstad Møller, Simon Holstad Grimstad, Mathias Holstad Grimstad, Magnus Holstad, Bård Holstad Grimstad, Svenn-Erik Holstad Warholm, Lars Roar Holstad Svenn-Erik Holstad Warholm
 17 Nederlaget Ajeevan Amirthalingam, Markus Gjerde, Isak Haanes, Gustav Bjørlykke, Sveinung Tilseth, Jon Andre Skarshaug Gustav Bjørlykke
 18X ÆRA  Audun Scheide, Bjørnar Sunde Gjerde, Henrik Grimstad, Harald Åsland Riise, Georg Aursnes, Olav Andre Hofset Ulstein, Asgeir Aursnes Olav Andre Hofset Ulstein
 19 7førr Ullensvang William "Fuzzkins" Fjørtoft, Sigve "Swiggy" Strand, Nikolai "Poo Poo" Hatløy, Jonas "Lord Cream Puff" Brandal, Johannes "Puppy Love" Sundgot, Isak "Snugglebear" Kristoffersen, Jacob "Captn Twinkie" Almli Jacob S. Almli
 20Krædene  Karl Johan Storekræda Fjelle, Frank Robert Moldskred, Christian Åsmo, Kim Lillebø, Peter Andreas Brandal, Ørjan Yri, Stian Garnes, Peter Paus Frank Robert Moldskred
 21 Real Gåsneset Solomon Jacobs, Sahle Anbesajer, Robel Semere, Mussie Sium, Samuel Michel, Robel Etfsah, Efrem Fkadu, Milkias Bereket Anne-Marie Saunes Overå

Damelag:

LagnummerLagnamnSpelarar  Kontaktperson
 1 Reunited Arnhild Åsmo Bigset, Astrid Andersen, Natalie Seljeseth Birkhol, Victoria Røren, Katrine Holstad Arnhild Åsmo Bigset
 2TURID & ENGEN Anne-Marie Saunes Overå, Nebyat Tareke, Askalu Beyene, Freezing Nguse Anne-Marie Saunes Overå
 3 *Navnløs* Johanne Helvig, Åslaug Helvig, Martha Helvig Omdal, Camilla Ervik, Josefine Ervik, Andrea Sævik Martha H Omdal
 4 Prinsessene og erta Ragnhild Ertesvåg, Annika Lisa Brandal, Aina Eid Kvamme, Andrea Storøy Rødseth, Thea Vattøy Kristensen, Celine Kormeseth-Rødal, Marit Vikebakk, Kristina Meinseth Annika Lisa Brandal
 5 Mot I brøsta Marita Myrvågnes, Astrid Kirkebø Elde, Kristin Marø, Ingvild Pedersen, Trine Sætre, Siri Holm Sundgot, Margit Jøsok, Katrine Voldsund Marita Myrvågnes
 6 skikkeli go da Amalie Brandal Kragset, Vilde Hasund, Therese Holstad, Gro-Elise Aksnes, Maria Emilie Skar, Marte Aarsand Vik, Ellen Nerland Aahjem Amalie Brandal Kragset
 7 Team Handball Astrid Ertesvåg, Oline Ertesvåg, Maria Juul Hansen, Susanne Brandal Bigset, Christina Kaldhol, Sara Bigset, Malin Kaldhol, Maria Slettebakk, Andrea Hasund Astrid Ertesvåg

Ungdomslag:

 Lagnummer

Lagnamn 

Spelarar 

Kontaktperson 

Hareid spesial

 Olea Louise Larsen, Runa Mork, Kethleen Lorenzo, Jenny Holstad, Lovise Yri, Lone Gjerde, Linn Håberg Dimmen, Anne-Liv Holstad, Ada Alme

 Olea Louise Larsen

 Kauleveien 99

Andreas Nesset jr., Isak Gabriel Skotheim, Sondre Gjerdsbakk, Andreas Grimstad, Christoffer Bringsvor, Oliver Sulebakk Sylte 

 Andreas Nesset jr.

 Georgs disiplar

Tarje Dimmen Riise, Henrik Thorseth, August Brandal, Georg Hansen, Aleksander Stridh, Svenning Veiseth, Eirik Tretnes, Markus Hareide, Even Årsbog Bjåstad

 Tarje Dimmen Riise

 Harby

 Hanna Holstad Grimstad, Sandra Moldskred, Silje Årsbog Bjåstad, Inga Brandal Drevland, Camilla Bryn Jensen, Andrine Myrene Teigene, Shaajeena Jeyathas, Elen Alme, Vilde-Amalie Anzenberger Bigset

 Hanna Holstad Grimstad

 Noobsa frå Hareid

Sander Karlsen, Adolphus J. Jacobs, Ole Martin Liavåg, Victor Bikset, Christian Nykrem Korshaug, Iver Austnes Stokkevåg, Adryan Georgiev

 Christian Nykrem Korshaug

 Kwazulu Nathan

 William Valde Bigset, Håvard Mork Breivik, Filip Andreas Varhaug, Martinus "Skada" Almli, Jawad Abouzari, Joakim Ulstein, Trym Jarvik

 Nathaniel Eiksund Brekke

 Sevi FC

 Benjamin Soløy Kaldhol, Elias Flø, Gustav Dimmen, Håkon Thormodsæter, Jakob Saetrenes, Hermann Dimmen

 Benjamin Soløy Kaldhol

 The Underdogs

Filip Andreas Moldskred, Sebastian Hansen Bjørlykke, Mattias Grimstad, Daniel Notanes Brandal, Andreas Fjørtoft, Johannes Knardal  (Filip Andreas Moldskred-->)

9TeletubbiesOla Bergland, Isak Sundgot, Richard Hasund, Elias Skeide Rooney, Eirik Sporstøl, Håvard Aarsand VikOla Bergland
 10 Diosas fútbol Andrine Nevstad, Cecilia Bakke, Madelen Gustavsen, Rebecca Eikrem Sande, Ine Sleipnes, Gowtisha Thiruketheeswaran, Oline Marø Sundgot Andrine Nevstad
 11 Utan namn Ludmila Duneva, Victoria Erdal Riise, Ida Kristin Bruvik, Malene Liavåg, Kamilla Naustenget Ida Kristin Bruvik
 12 Goldplay 

Eline Kjersem Hareide, Linn Holst-Dyrnes, Emilie Slyngstad, Johanne Austrheim Grytten, Anna Haddal, Frida Voll Hareide, Sofie Moldskred, Vilde Voll Hareide

 Emilie Schjelderup Slyngstad