Det er den danske fotballnettstaden Bold.dk som torsdag spekulerer i om Eirik Ulland Andersen kan vere på veg til dansk fotball. Ifølgje nettstaden skal klubbar i toppen av den danske 1.-divisjonen, samt frå Superligaen vise interesse for venstrekanten.

Bold.dk dreg fram at Ulland Andersen er halvt dansk, og at han vart fødd i Randers.

Hødd sin sportssjef Andrè Nevstad seier til Bold.dk at han er ukjend med interessa frå Danmark, at Ulland Andersen har kontrakt ut denne sesongen og at Hødd er glade for å ha spelaren i stallen.

Inga kontakt

Til Vikebladet.no stadfestar Nevstad at han ikkje har høyrt noko.

- Hødd har ikkje motteke noko på nokon av spelarane vi har i troppen, seier Nevstad. Han legg til at det ikkje er mogleg å spekulere i januar om kven som spelar i klubben ved enden av sesongen, eller om det kan dukke opp interesserte klubbar, men Hødd sin sportssjef fortel at Eirik Ulland Andersen er ein av spelarane Hødd kan tenkje seg å gå i dialog med om forlenging av kontrakten.

Ulland Andersen skreiv i november 2013 under på ei treårskontrakt med Hødd.

- Det er absolutt aktuelt å gå i dialog om forlenging med fleire av spelarane som er på utgåande kontrakt denne sesongen. Til no har vi i hovudsak konsentrert oss om å hente spelarar og styrke troppen.