ÅVK og Hasundgot til topps

Ole Per Kragset snudde kampen for ÅVK i finalen av årets "Odden-cup".

Gjerdsvika tok leiinga i finalen etter at ballen vart krangla over målstreken tidleg i kampen.  Foto: Joakim Rødven

Sport

Etter ei jamn og tett opning i damenes finale mellom Hasundgot2 og Hareid, sørgja Kristin Marø for at heimelaget fekk eit overtak etter dryge fem minutt. Då Marita Myrvågnes sette ballen i mål for andre gong i kampen etter dryge 11 minutt trudde mange at sigeren var i boks, men målet vart korrekt annullert – ettersom det kom direkte frå eit innspark. Sjølv om Hareids Kethleen Lorenzo vart kåra til kampens beste spelar var det Hasundgot som hadde dei farlegaste sjansane, og kvittrøyene sikra sigeren 11 sekund før full tid då Marø sklei inn 2-0 etter eit innspel frå høgresida.

I herranes finale mellom Gjerdsvika og ÅVK1 vart det ei intens stemning etter kvart som det drog seg mot slutten. Gjerdsvika tok tidleg leiinga då Amund Rasmussen, etter litt klabb og babb, fekk krangla ballen over målstreken, men ringreven Ole Per Kragset utlikna for ÅVK då det var sju minutt att å spele.

Med store sjansar begge vegar ebba det ut til ekstraomgangar, men halvminuttet før full tid var det først vill jubel – og deretter fortviling for Gjerdvika. Emil Sætre putta ballen i mål, men like etterpå annullerte dommaren og gav frispark til ÅVK. Då gjekk det til ekstraomgangar. Med berre nokre få sekund att av den første ekstraomgangen fekk  ÅVK ein svært god sjanse til å sikre seg gullet då dei fekk frispark like utanfor målfeltet til Gjerdsvika. Ole Per Kragset skaut først i rett i muren, men på returen sette 46-åringen inn den avgjerande scoringa – og ÅVK vann på «sudden death».

KOMMENTARAR FRÅ ODD ARNE «ODDEN» SELJESETH:

Denne cupen har jo eit offisielt namn, men den vert altså kalla «Oddencup». Kva betyr det for deg personleg?

Det kan nesten verke litt pinleg, for de er mange som hjelper til på denne cupen og gjer ein veldig god jobb. Det heng vel saman med at eg starta opp denne cupen og har vore engasjert heile vegen, men eg må presisere at det er mange som gjer ein god jobb med denne cupen.

Trudde du dette kom til å bli ein så lang tradisjon då du starta den i 2001?

Nei, det tenkte eg ikkje på. Eg tenkte berre det eine året, men eg føler det har vore glede og engasjement heile tida. Det er det som har gjort at eg har vore med så lenge. Eg ser at aktørane har det veldig gøy her, og då er det litt dumt å gi seg. Et tel knappane kvart år på om det skal vere det siste året, men så gøy det har vore så kan det hende eg tek eit år til.

Kva har vore det kjekkaste med denne cupen i år?

Alle lag har hatt oppturar, trur eg. Eg har vore redd for at lag skulle få skikkeleg mykje «juling» og forlate cupen med ei dårleg kjensle, men eg trur alle laga har kosa seg og hatt gode opplevingar her inne. Det er det viktigaste, at alle har det kjekt.