Moldskred tilbake med scoring

Signerte fredag, scora då Finnsnes vann sundag.

Morten Moldskred la eigentleg opp i vinter, men er no tilbake på fotballbana for Finnsnes i 2.-divisjon. Sundag debuterte han med scoring heime mot Grorud.   Foto: Arkiv

Sport

Tidlegare i år vart det klart at Morten Moldskred la opp som profesjonell fotballspelar, etter at han ikkje fekk fornya kontrakten med Tromsø sist haust.

Sjølv om Moldskred ikkje lenger hadde kontrakt med Tippeligalaget, var det fleire klubbar som var interesserte i spelaren, men 35-åringen valte i staden å prioritere jobb og familie.

Før helga vart det likevel klart at Morten Moldskred vart klar for 2.-divisjonsklubben Finnsnes.

Og den tidlegare toppspelaren fekk sjansen allereie i heimekampen mot Grorud, som hadde vunne tre av sine første fire kampar i avdelinga. 31 minutt ut i debuten for Finnsnes kom også scoringa for Moldskred, då han sette inn 2-0 til heimelaget. Dette var i ein periode der Finnsnes scora fire mål på sju minutt.

Finnsnes vann til slutt oppgjeret 5-1. Morten Moldskred spelte heile kampen.

Finnsnes står no med fem strake sigrar i avdelinga, og toppar dermed saman med Tromsdalen.