- Sunnmørsalpane må ha ein fjellmaraton!

Freistar det med 42 kilometer i variert terreng, og godt over 2000 høgdemeter? Då er Ørsta Fjellmaraton noko for deg.

Spektakulært: 25. juni går Ørsta Fjellmaraton av stabelen for første gong. Løpet går mellom anna over 909 meter høge Sandhornet, med fantastisk utsikt over både fjord og fjell. Foto: Ørsta Fjellmaraton 

Sport

- Det har ikkje vore noko liknande her tidlegare, men Sunnmørsalpane må ha ein fjellmaraton, slår Martin Hauge-Nilsen fast. Han er ein av tre initiativtakarar til Ørsta Fjellmaraton, som blir arrangert 25. juni.

Saman med Arve Haugland og Arlid Foldal skal Hauge-Nilsen arrangere maratonløp i fantastiske omgjevnadar i Ørsta. Men er det ikkje tungt nok med vanleg maraton?

- Jau, men det blir litt annleis når ein spring ute i terrenget og slepp asfalten. Samstundes kan du ta dette meir som ein marsj, ein må ikkje springe, fortel Hauge-Nilsen.

Start og stopp for Ørsta Fjellmaraton går heime i gardstunet til ein av initiativtakarane, Arve Haugland på Barstad i Ørsta. Og der det er nok med 42 kilomter på ein vanleg maraton, må deltakarane på Ørsta Fjellmaraton vere klare for både opp- og nedturar undervegs. Det høgaste punktet under Ørsta Fjellmaraton kjem allereie etter om lag seks kilometer, på toppen av det 909 meter høge Sandhornet.

Også inn mot vending og målpassering skal deltakarane opp ei bra stigning, men den er ikkje like høg eller bratt.

Ørsta Fjellmaraton blir arrangert i ei løype på om lag 21 kilometer, og for heilmaraton må ein dermed gjennom løypa to gongar. Dermed blir det to turar opp på Sandhornet og til saman godt over 2000 høgdemeter i løpet av distansen.

Men då får ein til gjengjeld ein flott tur i heftige omgjevnadar, med ville tindar på ei side og fantastisk fjordutsikt på den andre.

- Og dette er også Norges billigaste maraton, med same pris uansett alder og klasse, seier Hauge-Nilsen som fortel at dei allereie har nådd målet for påmeldingar, men framleis håpar på endå fleire.