Pappa Wrele gir Blåsarane skryt:

– Eg er imponert over dei fantastiske supporterane!

Det blei nok ein tung busstur opp igjen for dei av Blåsarane som tok turen til Raufoss for å sjå Hødd spele, men supporterane fekk uansett skryt.

Her er biletet som pappa til Hødd sin kaptein Joakim Wrele, Göran Karlsson, tok av Blåsarane som tok turen til Raufoss søndag. - Fantastiske supporterar, seier han til Vikebladet Vestposten.  Foto: Göran Karlsson.

Sport

Pappa til Hødd-kaptein Joakim Wrele, Göran Karlsson, var sjølv til stades på NAMMO stadion på Raufoss søndag kveld. Der var han sjølvsagt for å få med seg duellen mellom tvillingsønene sine, Joakim og Andreas. For det har seg nemleg slik at Andreas Wrele speler for Raufoss, og har møtt broren sin nokre gongar før.

Det var lite å bli imponert av på bana søndag, men Karlsson beit seg merke i den flotte innsatsen til Hødd sine trufaste supporterar, Blåsarane. Dei av supporterane som tok turen til Raufoss skal ha all mogleg skryt, meiner pappa Wrele.

– Eg blei svært imponert over Hødd sine fantastiske supporterar Blåsarane, som trass i lang avstand reiste til Raufoss for å sjå kamp søndag. Om biletet eg tok av dei kan muntre Blåsarane litt opp etter dette triste resultatet, så er det vel verdt det, seier Göran Karlsson til Vikebladet Vestposten.