Hovudpersonen sjølv var ikkje tilstades på Madeira, men har sjølvsagt fått med seg den gledelege nyheita.

- Det er veldig kjekt at det blir lagt merke til det eg har fått til på lokalt og internasjonalt plan desse åra, seier Arve Hatløy til Vikebladet Vestposten.

Det var også knytt spenning til om Karsten Warholm kom til å vinne prisen for årets mannlege nykomar, men den prisen gjekk til tyskaren Max Hess.

To norske trenarar fekk heider og ære under det europeiske friidrettsforbundet EA sin galla. Både Sørild-trenar Sølvi Meinseth, mor til Ulstein-ætling Even Meinsetn og Dimna-trenar Arve Hatløy blei tildelt European Coaching Award. Kvart land i Europa kan nominere inntil to kandidatar, og totalt 37 trenarar fekk i år denne utmerkinga. Det synlege beviset vil Hatløy få i høve med trenarseminaret seinare denne månaden.

2.000 timar i året

Det er nok få trenarar innanfor friidrett, som i tillegg har full jobb ved sidan av, som legg ned så mykje innsats som Arve Hatløy.

- Eg jobbar vel med friidrett og Dimna IL tilsvarande ei vanleg stilling i året. Eg vil tru eg ligg på rundt 2.000 timar i året, seier Hatløy.

Denne prisen er ein pris som går utover Norge sine grenser, og Hatløy set pris på at bragdene han har hjelpt utøvarane sine med, og kanskje mest av alt med norsk friidrett sitt største talent på fleire år, Karsten Warholm, bli lagt merke til. Men han har også vore trenar for fleire titals andre utøvarar som har hevda seg.

- Berre dei siste 10-12 åra har vi 28 utøvarar frå Dimna IL som har tatt meisterskapsmedaljar, nasjonalt og internasjonalt. Men totalt gjennom åra har eg nok trena godt over hundre utøvarar, seier Hatløy, som byrja som trenar i klubben i 1987.