Onsdag gjekk semifinale sør i Skulecupen i friidrett for Møre og Romsdal av stabelen i Ulsteinhallen. For ein del av deltakarane kan slike arrangement vere eit første møte med organisert friidrett.

Ein av dei som var i aksjon under semifinalane er 14-åringen Jonas André Ose frå Ulsteinvik. Han imponerte stort med førsteplassar både på 60 meter og lengde, og tok like godt andreplassen i kulestøyt. Men ungguten som til vanleg representerer Dimna IL er framleis som fersking å rekne på tartandekket.

Starta med Skulecupen

– Det var faktisk Skulecupen i fjor som gjorde at eg starta med friidrett. Det var eitt av dei første løpa eg var med i. Det var berre å stille seg opp og springe, og det synest eg var veldig kjekt, seier Ose.

Og sidan den gong har det gått raskt med Ose. I løpet av sin første utandørssesong sprang han seg rett inn blant dei aller raskaste i si årsklasse både på 60 meter og 100 meter.

– Vi håpar jo det at nokre av dei som får prøve seg under Skulecupen vil synest at det er så kjekt at dei oppsøkjer klubbar på heimplassane sine og startar med friidrett. Vi har fått mange oppgjennom åra inn i friidretten etter at dei har prøvd seg på Skulecupen først, fortel Dimna-trenar Arve Hatløy, som var med som hjelpar for idrettselevane som arrangerte semifinalen i Ulsteinhallen.

Og nokre av dei som finn vegen inn i friidretten viser seg å ha godt talent for det. Som Jonas André Ose.

– Han sprang seg inn i landstoppen med berre nokre månadars trening, og er raskare enn både Henrik Overvåg og Karsten Warholm var på same tidspunkt.

Kanskje kan både Dimna og Ose takke Skulecupen for at ungguten no gjer seg klar for sin andre sesong.

– Det er på slike arenaer som dette ein kan få sett at ein har eit anlegg for friidrett. Utan Skulecupen hadde han truleg aldri starta med friidrett, det er i alle fall mindre truleg, seier Hatløy.

Sjå også: Video og stor bileteserie frå Skulecupen

Fram mot innandørssesongen, som tek til med Sparebanken Møre-leikane i Ulsteinhallen til helga, har Ose ifølgje Hatløy trent fått trent opp grunnlaget sitt i større grad enn tidlegare, med ein del fokus på betre kondisjon. Men også farta ser det ut til å ha gått framover med.

Krutsterk tid på 60 meter

I forsøksheatet på 60 meter slo nemleg Ose til med den knallsterke tida 7,36. Det er berre 5/100 bak den norske aldersrekorden. Det var også ei forbetring av hans personlege rekord med 5/100. Og det til klasse- og klubbkameratane si store begeistring.

I finalen var Ose også suveren då han leverte eit nytt sterkt løp og kom i mål på 7,42. Ei fin avslutning på siste løpet i Skulecupen i Ulsteinhallen.

– Eg synest det er veldig kjekt med slike dagar som dette, spesielt no når eg driv med friidrett sjølv. Då er det fint å få bruke litt skuletid på det også, smiler Ose.

Og til helga blir det nye sjansar både for Jonas André Ose og mange andre lokale utøvarar i Ulsteinhallen.

Jonas André Ose var berre fem hundredelar bak den norske aldersrekorden på 60 meter under Skulecupen i Ulsteinvik onsdag.