Ny samarbeidsavtale

Sparebanken Møre og Hasundgot IL med ny toårsavtale.

Bjarte Bergseth frå Hasundgot IL og Nina Sundgot frå Sparebanken Møre. Banken har teikna ein ny toårig samarbeidsavtale med Hasundgot IL, og vil framleis vere idrettslaget sin hovudsamarbeidspartner.   Foto: Sparebanken Møre.

Sport

Sparebanken Møre vil halde fram som hovudsamarbeidspartner for Hasundgot IL og partane har skrive under på ein avtale for to nye år. Det skriv Hasundgot IL og Sparebanken Møre i ei pressemelding.

Banksjef i Sparebanken Møre, Nina Holm Sundgot fortel at samarbeidet både er viktig og naturlig for banken. Fotball er en stor idrett i fylket, og det er viktig for Sparebanken Møre å fremme både topp- og bredde idrett.

- Vi opplever Hasundgot som ein svært god ambassadør, og veit av erfaring at vi har mange fellesinteresser med klubben. Vi er begge lokalt forankra, har lang historie – og et likt verdigrunnlag seier Sundgot.

Ho legg til at banken alltid har vore opptekne av at både Ulsteinsamfunnet og heile Møre og Romsdal skal vere gode stadar å bu.

- Det oppnår vi mellom anna med eit godt tilbod for born og unge gjennom fotballen i Hasundgot IL, seier Sundgot.

Leiar i Hasundgot IL, Bjarte Bergseth, er glad for den nye avtalen.

- Hasundgot IL er særs nøgde med å ha ein sterk lokal samarbeidspartner som Sparebanken Møre med vidare som klubbens hovudsamarbeidspartner, no ser vi fram til å fortsette og utvikle samarbeidet vidare seier Hasundgot-leiaren.